Alt eg lagar er skapt med lokale materialar frå skogen. Tre, bark, never, røter, siv, og pil haustast for hand, og ved hejlp av ulike handverksteknikkar med lange tradisjonar vert materiala omskapt til heilt unike produkt med klare spor frå naturen og handverkaren.
Målet er å skape miljøvenlege, unike, og lokalt forankra produkt, med lenker både bakover i tida, og inn i framtida. Tre og andre naturmaterialar er fornybare, og eg hentar dette i nærmiljøet i hovudsak i Telemark. Produkta går an å reparere, gjenbruke eller resirkulerast.