Beskrivelse
Den klassiske krokvokst sleiva!
Dette designet har eg laga for mange år sidan, det har vore testa og brukt masse. Sleiva er ei perfekt «allround» grytesleiv til supper, graut, gryterett osv. med ein fin vinkel nederst på skeibladet så det er lett å skrape ut kjelen.
Sleiva er tilverka i bjørk med handverktøy, frå skog til ferdig produkt. Sag, øks, bandkniv, skjekniv og spikkekniv. Sleiva er ikkje pussa, den har berre spor frå skarpt verktøy som er ei veldig haldbar overflate som eldast vakkert.