Beskrivelse
Steikespader i villkirsebær.
30 cm lang.
Steikespadene er tilverka i villkirsebær med handverktøy, frå skog til ferdig produkt. Sag, øks, bandkniv, og spikkekniv. Steikespaden er ikkje pussa, den har berre spor frå skarpt verktøy som er ei veldig haldbar overflate.
Ei overflate som er skjært med skarpt verktøy og ikkje pussa er meire haldbar fordi væske ikkje trekker inn i porane på same måte, og den eldast vakkert.
Om treet:
Ein lokal bonde i Bø kom med eit vill kirsebærtre på verkstaden min ein dag. Hen tenkte heldigvis at det var for fint til å bli ved. 😊
Treet har blitt til mange plank som skal bli lokk til neverboksar, men det vart også ein serie kjøkkenredskap. Kirsebær er tungt å spikke i, (så eg kan ikkje lage mye) men det blir eit veldig vakkert resultat i god kvalitet.