Beskrivelse
Ein saltkopp til bordsalt med karveskurd stjerne på eine sida. Også fin til urter eller urtesalt.
Koppen er spikka i bjørk og har ei fasettert utside.
Bruk koppen til fingersalt, eller kjøp ei saltskei i bjørk til å ha oppi.
Alle saltkoppene er litt ulike i form siden det er fulgt treets fiberretning og den forma «treet ville bli».
Mål: ca 8 – 9 cm høg. Diameter opning: 4 cm.
Spikka produkt.
Alle spikka produkta er laga med tre sanka lokalt i Bø i Telemark. Dei er spikka med kjærleik, i hovudsak berre med enkle handverktøy som kniv, sag, øks, skeikniv og bandkniv.
Dei spikka produkta har ei knivskjert overflate, det betyr at dei ikkje er pussa, og spor av skarpt verktøy er synlege på dei ferdige produkta. Ei knivskjert overflate eldast vakkert.
Alle spikka produkt vil ha naturlege variasjonar i form og vedstruktur, då ingen er heilt like.