Skei i Selje #1

kr250.00

19 på lager

Kategori:

Beskrivelse

Det er for tida tre ulike kategoriar av seljeskeier i nettbutikken. Eit av bileta under viser alle tre til samanlikning.

 

  • #1 – Teskei, 13 – 15 cm, korte som teskeier, men med litt større skeiblad. Veldig fin i tekoppen, som barneskei, eller med på tur.
  • #2 – Spiseskei 20 – 22cm, den beste spiseskeia, fin til det meste, også fin til servering.
  • #3 – Lang skei. 23 – 25 cm, litt smalare og lengre skei – fin i høge glas, til kaffelatte, is, eller servering

 

Skeier i selje, inspirert av den japanske filosofien wabi sabi.
Alle skiene er ulike, og eg har latt dei bli slik treet ville bli, eg har fulgt linjer, treretning, tilfeldigheter i materialet, der skeivheter blir hylla og omfavna. Å lage kvar skei var ein liten form for meditasjon.
Dette er jo mykje av filosofien bak krokvokst også, eit ynskje om å jobbe med treet og materialet, med naturen, heller enn å jobbe mot, og prøve å tvinge treet inn i ei viss masseprodusert form.

Det er det som er så vakkert med handverk synest eg, at tingane på ein måte får sjel, der spor frå mennesket, verktøy og naturen framleis er synleg i det ferdige produktet.